Sidene lastes inn ...
Logg inn for å se sidene

Emil & Ingunn

12. juni 2027
Samhald Stord
Vi gifter oss!

Vårt bryllup

Velkomne til bryllaupsfesten vår på Stord laurdag 12. juni 2027.


Festen vert halden i Samhald på Rommetveit (Krokane 1, 5414 Stord).


Vigsla vert halden tidlegare på dagen og er berre for den næraste familien. Vi kjem tilbake med tidspunkt for bryllaupsfesten. Vi gler oss til å feire saman med dykk!


Det vert servert middag, kaker, kaffi og god drikke til festen – med både alkoholfrie og alkoholhaldige alternativ.


Vi oppdaterer nettsida etter kvart som fleire detaljar kjem på plass.

Overnatting og transport

Vi tilrår å vere tidleg ute med å bestille overnatting. Det er for tida stor pågang i hotellnæringa på Stord, og kapasiteten kan vere avgrensa. Dersom det ikkje er ledige rom no, kan det difor vere verdt å sjekke igjen seinare.


Vi kjem sjølve til å bu på Stord Hotell. Andre alternativ i nærleiken er Almås Hotell og Stord Folkehøgskule Sumarhotell.
Fitjar Fjordhotell og Bømlo Hotell er òg gode alternativ, men ligg om lag 30 minutt unna med bil.


Stord Hotell tilbyr rabatt på overnatting til bryllaupsgjestene våre.
Ved bestilling på hotellet si nettside kan de nytte rabattkoden EVENTSTAY. Rabattkoden gir 6–10 % avslag på standard fleksibel pris, avhengig av belegget på hotellet. Denne prisen kan endrast eller avbestillast kostnadsfritt fram til kl. 18.00 dagen før ankomst.
Hotellet tilbyr også Early Bird, som ofte er den lågaste prisen. Denne kan ikkje endrast eller refunderast etter bestilling.
Vi anbefaler at de samanliknar dei to alternativa når de bestiller, og vel det som passar dykk best.


 

Det vert sett opp transport frå festlokalet kl. 02.30. Dersom nokon ønskjer å reise tidlegare, tek det om lag 10 minutt med taxi til Leirvik sentrum og hotella.

Praktisk informasjon

Her finn de svar på nokre vanlege spørsmål. Vi oppdaterer sida etter kvart som fleire detaljar kjem på plass.

ANTREKK

Dresskode:
Pent / Dress / Sommarpent

PARKERING

Det er avgrensa parkeringsmoglegheiter ved festlokalet. Vi tilrår difor å nytte buss eller taxi dersom det er mogleg.

BARN

• Bryllaupsfesten er for vaksne
• Spedbarn er sjølvsagt velkomne ved behov.

ALLERGIAR OG SPESIELLE BEHOV

Dersom du har allergiar, matintoleransar eller andre omsyn me bør vite om, ber me om at dette vert opplyst ved påmelding.

ALKOHOL

Det er kjøpt inn øl, vin og ferdigblanda Gin & Tonic tilsvarande om lag fem alkoholeiningar per person. Dersom du ønskjer meir enn dette, er du velkomen til å ta med sjølv.

TALAR OG INNSLAG

Ønskjer du å halde tale eller bidra med eit innslag? Ta gjerne kontakt med toastmaster innan 01.04.2027, slik at programmet kan planleggjast.

GÅVER

Det viktigaste for oss er at de kjem og feirar dagen saman med oss.

For dei som ønskjer å gje ei gåve, kjem det meir informasjon om gåveønske og eventuelt gåveliste nærare bryllaupet.

BILETE

Vi er så heldige å ha fotograf med oss gjennom dagen. Vi håpar også gjestane vil knipse og dele bilete frå festen. Vi kjem til å opprette ei Google Foto-mappe der de kan laste opp bileta, og deler informasjon om denne når bryllaupet nærmar seg.

KONTAKT

Brudgom
Emil Furset
930 88 526

Brur
Ingunn B. Rindal
478 74 841

Toastmaster
Tonje Hovland
938 39 502

Svar på invitasjonen

Svarfrist 01.12.2026

Kommer du?
This field is hidden when viewing the form
Skriv e-post du ønsker bekreftelse til og som brudepar kan kontakte deg på.