Vi gler oss stort til bryllaupet i Austrheim kyrkje den 15. august. Det blir ein dag fylt med kjærleik, glede og gode minne saman med familie og vener. Etter vigsla samlast vi til middag i Kielstraumen, der vi kan feire vidare i hyggeleg lag. Vi ser verkeleg fram til å dele denne spesielle dagen med dykk!
Vigsla startar 13.30 i Austrheim kyrkje.
Middag og fest vert i Kielstraumen. Me har valgt ein variant der alle kjem til både middag og kaffi.
For dei som ynskjer overnatting så er det mogleg å overnatte i Kielstraumen, me ber de ta direkte kontakt med Kielstraumen for evt. booking.
Gåver
Vi ønskjer oss aller helst pengar som vi kan bruke til å reise og oppleve verda saman med gutane våre. For oss er gode opplevingar og felles minne noko av det mest verdifulle vi kan ta med oss vidare i livet. Ei slik gåve vil bidra til at vi kan skape mange fine augeblinkar og minner vi kan sjå tilbake på med glede i åra som kjem.
For dei som heller ønskjer å gi ei gåve, har vi også laga gaveliste hos Illums: https://www.illumsbolighus.no/onskeliste/andre?id=99ce7b483e1ec9f025cf158d14
Allergier
Dersom nokon har allergier me skal ta hensyn til så ta kontakt med Jannike eller Erik Andreas.
Me har den store gleden av å presentera Ingrid og Jon Gudbrand som våre visevertar.

