Eit eventyrlig bryllup…
Sølvgarden Hotell & Feriesenter ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Dei rolege omgjevnadene og den flotte naturen er med på å skape den perfekte og eventyrlege ramma rundt den store dagen, anten de ynskjer ei lita intim feiring eller ei større markering. Vår strategiske plassering, midt i Setesdal, gjev mange moglegheiter for kor vigselen kan finne stad, samt kort veg til både flotte plassar for fotografering og Sølvgarden. I vår- og sommarmånadene er det mange brudepar som vel å ha vigselen nede ved elva, Otra.




